Gevinst og tap ved sal av fast eigedom i utlandet PDF E-post
Eiendom - Kjøpe bolig i Spania

Gevinst ved sal av fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig til Noreg etter dei norske skattereglane. Tap ved sal av fast eigedom i utlandet er berre frådragsgodkjent i Noreg i dei tilfella då eventuell gevinst ville ha vore skattepliktig hit.

{mos_sb_discuss:18}

Fast eigedom i utlandet er for eksempel eigen bustad og fritidsbustad. Også partsleilegheiter (timeshare-leilegheiter) kan vere fast eigedom.

Noreg har inngått skatteavtalar med mange land. Avtalane regulerer mellom anna til kva for eit land ein person skal betale skatt av inntekt som er opptent i utlandet. Desse reglane gjeld også for gevinst ved sal av fast eigedom.

Ved sal av fast eigedom i eit land som Noreg har skatteavtale med, skal gevinst ved salet vanlegvis skattleggjast i det landet der eigedommen ligg, og etter dei reglane som gjeld der.

Kvar enkelt skatteavtale inneheld også reglar om korleis ein unngår at same inntekt blir skattlagd i begge land.

Skal du selje bustad eller fritidseigedom i utlandet? Ta kontakt med likningskontoret for å få opplysningar om skatteplikta i Noreg, og om det er inngått skatteavtale med det landet der eigedommen ligg.

Somme skatteavtalar bestemmer at salsgevinsten skal skattleggjast både i Noreg og i det landet der den faste eigedommen ligg. Skatt som er betalt i utlandet, kan ein då krevje å få trekt frå i den norske skatten på gevinsten. Det gjeld mellom anna når eigedommen ligg i Danmark, Finland, Frankrike, Spania eller Sverige. Det same gjeld når det ikkje er inngått skatteavtale med det aktuelle landet.

Krev du frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet, må du fylle ut skjemaet "Frådrag i norsk skatt for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag) for lønnsmottakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande" (RF-1147) og leggje det ved sjølvmeldinga. Du må også dokumentere kor mykje skatt du har betalt i utlandet av gevinsten.

Andre skatteavtalar bestemmer at gevinst ved sal av fast eigedom i det andre landet ikkje skal skattleggjast i Noreg. Det gjeld mellom anna når eigedommen ligg i Portugal eller Tyskland.

Eksempel
Sal av fritidsbustad i Sverige

I Sverige:

Skattepliktig gevinst blir berekna etter svenske reglar og skattlagd i Sverige.

I Noreg:

Skatteplikta blir vurdert etter norske reglar. Har du ått og brukt fritidsbustaden lenge nok til å oppfylle vilkåra for skattefri gevinst ved sal, er gevinsten skattefri i Noreg. Då kan du ikkje krevje frådrag i Noreg for den svenske skatten på gevinsten. Er gevinsten skattepliktig, skal gevinsten bereknast etter norske reglar og skattleggjast i Noreg. Då kan du krevje frådrag i den norske skatten på gevinsten, for den skatten du har betalt i Sverige.

Sidan den skattepliktige gevinsten blir berekna både etter svenske og norske reglar, blir det beløpet som er skattepliktig i Sverige og Noreg, forskjellig.

 

Featured Agent

Marcela
Marcela
Call: +34 691 23 52 37